§ 8-5. Ankefråsegna
Ved anke over dom, orskurd, eller vedtak, skal ankefråsegna fylle krava i tvisteloven § 29-9.
Anke over jordskifteavgjerd skal setjast fram anten skriftleg eller munnleg etter reglane i tvisteloven § 12-1 for den jordskifteretten som har hatt saka. Anken skal oppgi
- namnet på ankedomstolen
- saksnummer og kva avgjerd anken gjeld
- om anken gjeld heile avgjerda eller berre visse delar av henne, og
- ankegrunnane, der det skal stå kvifor ein ankar og kva ein vil med anken.
Når anken gjeld jordskifteavgjerd og det ikkje ligg føre særlege grunnar, skal alle som var partar i jordskiftesaka, bli partar i ankesaka òg.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/2013-06-21-100
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 1f48f05a59a0e934cb40593777c7c66570f4e9ee48777e12ecb98210767f3102
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2016-01-01
- Siste endring i kraft
- 2025-07-01