§ 4.

Er det ikkje gjort avtale som nemnt i § 3, står kjøpet under rettsreglane i det landet der seljaren hadde bustad då han tok mot tinginga frå kjøparen. Vart tinginga motteken på ein forretningsstad som seljaren hadde, står kjøpet under rettsreglane i det landet der forretningsstaden er.

Tok seljaren eller målsmannen hans mot tinginga i det landet der kjøparen hadde bustad eller den forretningsstaden som tinginga kom frå, står kjøpet under rettsreglane i det landet.

Kjøp på børs eller auksjon står under rettsreglane i det landet der børsen er eller auksjonen vert halden.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1964-04-03-1
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
2bcc5f688aa98010cc6f77abce1fad5c915c57b7d5d1030d054b0712c91b5927
Rendererversjon
8
I kraft
1964-09-01