§ 2.

Departementet kan krevje gebyr frå føretak for brot på lova dersom nokon som har handla på vegner av føretaket har brote føresegner gitt med heimel i denne lova. Gebyret for brot kan ikkje overstige 10 millionar kroner per vedtak. Endeleg vedtak om gebyr for brot er tvangsgrunnlag for utlegg. Dersom føretaket går til søksmål mot staten for å prøve vedtaket, kan retten prøve alle sider ved saka.

Departementet kan gi forskrift med nærare reglar om fastsetjing og gjennomføring av vedtak om gebyr for brot. Forskrifta kan innehalde reglar om oppfyllingsfrist for vedtak om gebyr for brot, rente og tilleggsgebyr dersom gebyret ikkje vert betalt ved forfall, og i særlege tilfelle høve til å avstå frå å krevje inn pålagde gebyr.

Endret ved lov 20 des 2022 nr. 122.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2006-08-18-61
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
37f387662ef8ba25b0b4fd7e551336cc48d2e0fa937d9dad57a681f05b014e84
Rendererversjon
8
I kraft
2006-08-18
Siste endring i kraft
2022-12-20