Denne lova gjeld samkvem med:
Med fiendeområde er i denne lova meint område som fiendestat har høgste retten (suvereniteten) over og som ikkje er hersett av norske eller allierte styrker og dessutan område som ein fiendestat har hersett. Det same gjeld område som Kongen eller den han gjev fullmakt har fastsett skal reknast for fiendeområde.
Det er forbode å ha samkvem med rettssubjekt som nemnt i § 1 eller fara fram på ein måte som er eigna til å skaffe slikt rettssubjekt føremon.
Det er soleis m.a. forbode:
Forbodet gjeld ikkje gjerningar som er gjorde i offentleg ærend.
Kongen eller den han gjev fullmakt kan gjera unnatak frå forbodet.
Rettshandel som er strid med § 2 er utan rettsverknad. Ein slik rettshandel kan ikkje vera grunnlag for rettsvinning i god tru. Unnatak gjeld likevel for pengar og verdepapir som lyder på ihendehaveren.
Bryt nokon føresegnene i § 2, blir han straffa med bot eller med fengsel inntil 3 år eller med båe desse straffane i fall ikkje blir dømd etter lovgjevinga om landssvik. Er brotet gjort av aktløyse, er straffa bøter.
Endra med lov 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).
Kongen fastset kva dag denne lova skal ta til å gjelda.
Kongen eller den han gjev fullmakt, fastset i kor stor mon lova skal gjelda på Svalbard.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.