Personar som har arbeidd i petroleumsverksemda offshore på norsk kontinentalsokkel i perioden 1966 til 1990 (pionertida) innanfor aktivitetsområda boring og brønn eller produksjon og vedlikehald som angitt i § 2, har rett til kompensasjon etter reglane i denne lova dersom dei har ein varig sjukdom eller skade nemnd i § 3 som har mogleg samanheng med kjemisk eksponering for boreslam, hydrokarbon eller benzen.
Aktivitetsområda boring og brønn omfattar desse arbeidstakargruppene:
Aktivitetsområda produksjon og vedlikehald omfattar desse arbeidstakargruppene:
Følgande sjukdommar og skade kan gi rett til kompensasjon etter denne lova:
Endret ved lov 23 juni 2026 nr. 69.
Dersom ein person som ville hatt rett til kompensasjon etter lova er død, har avdøde sin ektefelle eller sambuar rett til kompensasjonen. For å bli rekna som sambuar etter første punktum må personen anten ha budd saman med avdøde dei siste to åra før dødsfallet, eller ha budd saman og ha felles barn med avdøde.
Dersom avdøde ikkje hadde ektefelle eller sambuar med rett til kompensasjon etter første ledd, har barna til avdøde rett til kompensasjonen.
Når vilkåra i lova er oppfylte, blir det gitt ein kompensasjon tilsvarande åtte gonger grunnbeløpet i folketrygda. Grunnbeløpet i folketrygda på vedtakstidspunktet, eller eventuelt domstidspunktet, blir lagt til grunn.
Tidlegare utbetalt yrkesskadeerstatning eller annan kompensasjon eller erstatning frå arbeidsgivar for skaden eller sjukdommen det er søkt om kompensasjon for, kjem til frådrag ved utbetaling av kompensasjon etter denne lova. I berekninga skal tidlegare utbetalt beløp reknast om til dagens kroneverdi.
Kompensasjonen skal utbetalast som ei eingongsyting og er ikkje skattepliktig.
Søknader om kompensasjon etter denne lova blir behandla av Oljepionernemnda.
Nemnda er uavhengig og kan ikkje instruerast av departementet om saksbehandlinga eller innhaldet i avgjerdene, verken generelt eller i dei enkelte sakene. Departementet kan heller ikkje gjere om materielle vedtak i nemnda eller gjere vedtak i ei sak som høyrer under nemnda.
Nemnda skal ha tre medlemmer, éin leiar og to ordinære medlemmer, som blir oppnemnde av departementet. Nemnda skal ha juridisk og arbeidsmedisinsk kompetanse. Departementet kan oppnemne varamedlemmer. Sekretariatet i nemnda blir lagt til Arbeids- og velferdsdirektoratet (Nav).
Søknad om kompensasjon skal fremmast for Oljepionernemnda innan to år etter at denne lova trer i kraft. Søknad skal fremmast på skjema fastsett av nemnda.
Den som søker om kompensasjon etter § 1, skal i søknaden legge fram følgande:
Etterlatne som søker om kompensasjon etter § 4, skal legge fram følgande:
Nemnda kan under behandlinga av saka be om fleire opplysningar dersom nemnda meiner det er nødvendig for å behandle søknaden.
Med mindre det må reknast som unødvendig, tilviser nemnda til forenkla arbeidsmedisinsk utgreiing av om det ligg føre ein mogleg samanheng mellom sjukdommen eller skaden og eksponering som nemnd i § 1.
Nemnda skal behandle saker på grunnlag av dei skriftlege framstillingane søkaren har gitt, og dei dokumentbevisa som ligg føre. Nemnda skal som hovudregel gjere vedtak i møte. Dersom det er openbert at vilkåra for å få kompensasjon ikkje er oppfylte, eller søkaren ikkje legg fram dokumentasjon som nemnd i § 7 andre ledd, kan leiaren av nemnda aleine avslå søknaden.
Leiaren av nemnda kan avgjere at eit vedtak skal gjerast skriftleg ved sirkulasjon blant medlemmene dersom:
Nemnda kan gjere vedtak når alle medlemmene deltar i behandlinga og stemmer. Vedtaket skal gjerast ved alminneleg fleirtal og skal opplyse om eventuell dissens. Det skal førast protokoll med opplysningar om kva tid vedtaket er gjort, kva vedtaket gjeld, og kva medlemmene i nemnda har stemt.
Ei avgjerd i nemnda om ein søknad om kompensasjon er å rekne som eit enkeltvedtak.
Departementet kan gi forskrift med nærmare føresegner om nemnda si saksbehandling.
Det er ikkje høve til å klage på vedtak om kompensasjon eller vedtak om tilbakebetaling etter denne lova. Det er høve til å klage til departementet på avgjerder som nemnda tek om innsyn eller pålegg om å gi opplysningar, og om avgjerd om sakskostnader etter forvaltningsloven § 36.
Vedtak i Oljepionernemnda kan bringast inn for domstolen, som kan prøve alle sider av vedtaket. Søksmål skal rettast mot staten ved Oljepionernemnda.
Søksmål må reisast innan tre månader frå det tidspunktet eit vedtak i Oljepionernemnda har komme fram til den vedtaket gjeld. Retten kan gi oppfrisking for oversitting av fristen etter reglane i tvisteloven §§ 16-12 til 16-14.
Alle som utfører teneste eller arbeid for nemnda, har teieplikt etter forvaltningsloven §§ 13 til 13 e. Når personar nemnde i første punktum tar imot opplysningar som er underlagde strengare teieplikt enn det som følger av lova her, skal den strengare teieplikta gjelde.
Nemnda kan behandle personopplysningar som er nødvendige for arbeidet i nemnda, også personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9.
Nemnda kan, utan hinder av lovbestemt teieplikt, hente inn dei opplysningane som er nødvendige for å behandle søknader etter denne lova, for å kontrollere om vilkåra for kompensasjon er oppfylte, og for å vurdere eventuelt krav om tilbakebetaling etter § 15. Opplysningar kan hentast inn frå offentlege myndigheiter, tidlegare arbeidsgivarar og forsikringsselskap.
Den som blir pålagd å gi opplysningar, skal gjere det utan godtgjering.
Ei urettmessig eller for høg utbetaling frå nemnda kan krevjast tilbakebetalt dersom mottakaren, eller nokon som har opptredd på vegner av mottakaren, forstod eller burde ha forstått at utbetalinga kom av ein feil. Det same gjeld dersom mottakaren, eller nokon som har opptredd på vegner av mottakaren, har forårsaka feilutbetaling ved forsettleg eller aktlaust å gi feilaktige eller mangelfulle opplysningar.
Vedtak om tilbakebetaling etter paragrafen her er tvangsgrunnlag for utlegg.
Lova trer i kraft straks.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.