§ 1.

Etter reglane i denne lova kan personar som ved innkallinga har fylt 18 år og er busette og oppheld seg i Danmark, Finland, Island eller Sverige, påleggast å møte som vitne her i landet for dei vanlege domstolane og jordskifterettane.

Innkalling kan berre skje når det har mykje å seia at vitnet forklarar seg her i landet og forklaringa må reknast å vera viktig for saka. Ved vurderinga skal det takast omsyn til den vekt saka har og om innkallinga vil vera mykje ulagleg for vitnet. Innkalling til annan domstol enn den dømande kan berre skje når særleg sterke grunnar talar for det.

Reglane i straffeprosesslova og tvisteloven om innkalling og avhøyr av vitne gjeld tilsvarande, når ikkje anna følgjer av denne lova.

Endra med lover 26 mars 1999 nr. 17 (ikr. 1 jan 2000 iflg. res. 26 mars 1999 nr. 248), 30 aug 2002 nr. 67 (ikr. 1 jan 2003 iflg. res. 30 aug 2002 nr. 938), 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1975-03-21-9
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
8aec41cde18abd37dbdd0d19c70d0bb66687c9c818d63d7b5fa4a7a11dc381ad
Rendererversjon
8
I kraft
1975-07-01
Siste endring i kraft
2016-04-22