§ 4. Særlege opplysningar
(1) Ein røystingsrådgjevar skal kvart år offentleggjere følgjande opplysningar om korleis rådgjevaren førebur undersøkingar, råd og røystingstilrådingar:
- hovuddraga i dei metodane og modellane som er nytta
- dei viktigaste informasjonskjeldene som er nytta
- framgangsmåtane som er innførte for å sikre kvaliteten på undersøkingane, rådgjevinga og røystingstilrådingane og kvalifikasjonane til dei tilsette som deltek
- om og eventuelt korleis dei tek omsyn til tilhøve i dei nasjonale marknadene og til juridiske, regulatoriske og selskapsspesifikke tilhøve
- hovuddraga i retningslinene for stemmegjeving som dei nyttar for den einskilde marknaden
- om dei har dialog med selskapa som undersøkingane, rådgjevinga eller røystingstilrådingane gjeld, og med interessentar i desse selskapa, og i så fall omfanget og karakteren til dialogen
- retningslinene for førebygging og handtering av potensielle interessekonfliktar.
(2) Opplysningane som er nemnde i bokstav a til g skal vere offentleg og kostnadsfritt tilgjengelege på nettstaden til røystingsrådgjevaren i minst tre år etter datoen for offentleggjeringa. Dette gjeld ikkje opplysningar som allereie er offentleggjorde etter § 3. § 3 fjerde leddet gjeld på tilsvarande måte.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/2021-06-18-136
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- b9c9d8aee13c0af27ebd9b9e78922bdf2ded21f63c0e2f90a8404edf1bb2893a
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2021-07-01
- Siste endring i kraft
- 2025-04-01