§ 10. Endringar
Fastsett stønad skal setjast opp eller ned dersom det skjer endringar i inntektene eller dei andre tilhøva som er lagt til grunn ved fastsetjinga av stønaden, og dette fører med seg ei endring av stønaden med minst 10 prosent.
Ved endring i garantipensjonsnivå og grunnbeløpet skal supplerande stønad regulerast i tråd med desse endringane.
Frådrag i stønaden etter § 6 på grunn av alderspensjon eller uføretrygd frå folketrygda, eller andre ytingar som er direkte knytte til grunnbeløpet eller blir regulerte etter tilsvarande reglar som for alderspensjon frå folketrygda, skal regulerast i tråd med endringa i desse ytingane.
Retten til stønad fell bort dersom inntektsgrunnlaget etter § 6 i løpet av stønadsperioden tilsvarar eller er høgare enn full supplerande stønad etter § 5. Det same gjeld dersom stønadstakaren eller ektemaken får formue over grensa nemnd i § 8 første ledd.
Endra med lover 22 des 2006 nr. 94 (ikr. 1 jan 2007), 17 des 2010 nr. 77 (ikr. 1 jan 2011), 20 des 2019 nr. 84 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 18 des 2020 nr. 2860, for bestemmingar sjå loven del V), 18 des 2020 nr. 138 (ikr. 1 jan 2021), 7 mai 2026 nr. 15.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/2005-04-29-21
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- a2cf03a92e9f4ad2ac96c86fb910c63ef27057c04fd584483bccbd8179af760c
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2006-01-01
- Siste endring i kraft
- 2026-05-07