§ 2. Definisjonar
Med flyktning meiner ein i lova her ein person som har opphaldsløyve etter utlendingslova § 28. Med ufør flyktning meiner ein i lova her ein flyktning som ikkje har fylt 67 år og som fyller vilkåra i folketrygdlova §§ 12-4 til 12-7.
Med grunnbeløpet meiner ein i lova her grunnbeløpet etter folketrygdlova § 1-4.
Med garantipensjonsnivå meiner ein i lova her satsene etter folketrygdlova § 20-9.
Med ektemake meiner ein i lova her personar som er gifte etter ekteskapslova og som bur saman i eitt hushald, personar som bur saman som ektefolk utan å vere gifte med kvarandre, og registrerte partnarar som bur saman i eitt hushald.
Endra med lover 17 des 2010 nr. 77 (ikr. 1 jan 2011), 20 des 2019 nr. 84 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 18 des 2020 nr. 2860, for bestemmingar sjå loven del V), 18 des 2020 nr. 138 (ikr. 1 jan 2021).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/2005-04-29-21
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- a2cf03a92e9f4ad2ac96c86fb910c63ef27057c04fd584483bccbd8179af760c
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2006-01-01
- Siste endring i kraft
- 2026-05-07