§ 11.

Dei pengane som kjem inn etter § 5 og § 5 a går til eit serskild fond for kvar avgift og kan berre nyttast etter vedtak av Omsetningsrådet til å fremja umsetnaden av vedkomande varor. Pengane vert styrde av rådet.

Dei pengane som kjem inn etter § 6 kan berre nyttast til å utjamna prisskilnader som har si årsak i ulik bruk av mjølk og geografisk lokalisering av produksjonen.

Departementet kan fastsetja tilskotssatsar og gje nærmare reglar for bruk av avgiftspengane etter andre ledd, herunder reglar om opplysningsplikt og kontroll. Departementet kan også oppnemna eit rådgjevande utval som skal gje innstilling om praktiseringa av utjamningsordninga.

Departementet kan med endeleg verknad gjera om Omsetningsrådet sine vedtak om bruk av avgiftspengar etter fyrste ledd dersom vedtaket er i strid med lov, føresegner, eller gjeldande jordbruksavtale. Kongen kan gjere om vedtak dersom vedtaket er i strid med samfunnsinteresser.

Endra med lover 14 juni 1956 nr. 3, 19 juni 1969 nr. 54, 31 jan 1992 nr. 18, 20 des 1996 nr. 107 (ikr. 1 jan 1997), 19 juni 2009 nr. 99 (ikr. 1 jan 2010 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 816).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1936-07-10-6
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
58dc7d203a1afc0943a5eee256d1e6184a26467c1ee589ae77ee45d258640a26
Rendererversjon
8
I kraft
1936-07-10
Siste endring i kraft
2019-07-01