{
 "canonical_id": "nl-20050617-101#paragraf-16",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/lov/matrikkellova/paragraf/16/",
 "heading_id": "16",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/lov/matrikkellova/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "631b06f6fee958b394efe93a1b1e48144aa62b82199520593d8bbcae28417ca5",
  "retrieved_at": "2026-07-30T18:17:57.344275+00:00",
  "source_revision": "a2fba06569b8c38bc6677ec5fa6470367167dad0",
  "xml_hash": "2e4edbee237cd6d3cd2b71d2b0c982ba447c09bb6235aae8a157871820f8d69a"
 },
 "ref_id": "lov/2005-06-17-101",
 "schema_version": "1",
 "slug": "matrikkellova",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-lover",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2010-01-01",
  "last_change_in_force": "2025-07-01",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 16. Grensejustering\n\nEi grense mellom matrikkeleiningar kan justerast utan at det blir henta inn fråsegn om pantefråfall. Dette gjeld tilsvarande for justering av ei grense mellom ein festegrunn og grunneigedommen eller jordsameiget som festegrunnen er ein del av. Grensa kan ikkje justerast i strid med føresegner gitt i eller i medhald av anna lovgiving.\n\nVed justering kan berre mindre areal overførast mellom dei aktuelle einingane. Einsidig overføring av mindre areal kan utførast som grensejustering.\n\nPanterett og festerett følgjer dei nye grensene slik dei blir fastlagde ved grensejustering.\n\nFøresegna om panterett gjeld tilsvarande for andre rettar så langt det passar.\n\nGrensejustering kan krevjast av dei som er nemnde i § 9. Endra grenser for festerett kan berre matrikkelførast når det ligg føre samtykke frå festaren. Grensejustering av ei umatrikulert eining kan berre skje samstundes med at eininga blir matrikulert.\n\nDepartementet kan gi forskrift om grensejustering, under dette setje areal- og verdigrenser for areal som blir overført mellom einingane.\n\n> Endra ved lov [20 apr 2018 nr. 12](lov/2018-04-20-12) (i kraft 1 jan 2021 iflg. [res. 29 april 2020 nr. 885](forskrift/2020-04-29-885)).\n",
 "title": "Grensejustering",
 "type": "paragraf"
}
