{
 "canonical_id": "nl-20050617-101#paragraf-25",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/lov/matrikkellova/paragraf/25/",
 "heading_id": "25",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/lov/matrikkellova/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "30cc18f809396dce80480b5421920500c552504c1c3649803fad2fd0f48649d7",
  "retrieved_at": "2026-07-30T18:17:57.344275+00:00",
  "source_revision": "a2fba06569b8c38bc6677ec5fa6470367167dad0",
  "xml_hash": "2e4edbee237cd6d3cd2b71d2b0c982ba447c09bb6235aae8a157871820f8d69a"
 },
 "ref_id": "lov/2005-06-17-101",
 "schema_version": "1",
 "slug": "matrikkellova",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-lover",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2010-01-01",
  "last_change_in_force": "2025-07-01",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 25. Matrikkelføring av opplysningar om bygningar, adresser, eigarseksjonar, kommunale pålegg o.a.\n\nKommunen skal tildele bygningsnummer og registrere nye bygningar i matrikkelen samtidig med at det blir gitt byggjeløyve. Fullstendige opplysningar om bygningar og bustader skal seinast vere førde inn når bygningen lovleg kan takast i bruk. Matrikkelen skal dessutan oppdaterast når ei byggjesak medfører at opplysningar i matrikkelen må endrast, eller når kommunen på annan måte får kjennskap til at opplysningane om ein bygning ikkje er i samsvar med dei reelle forholda.\n\nOffisiell adresse med tilhøyrande opplysningar skal førast i matrikkelen straks adressa er tildelt. Tilsvarande gjeld ved endring av offisiell adresse eller tilhøyrande opplysningar.\n\nKommunen skal føre nye eigarseksjonar inn i matrikkelen når kommunen har gitt løyve til seksjonering. For eigarseksjon med eige uteareal skal det vere halde oppmålingsforretning, jf. [§ 6](lov/2005-06-17-101/§6).\n\nPålegg frå kommunen som gjeld bruk av grunn og bygningar, skal førast i matrikkelen straks pålegget er vedteke, endra eller oppheva.\n\nKommunen skal elles føre inn opplysningar på grunnlag av anna kommunal saksbehandling når det i lov eller forskrift er fastsett at vedkommande opplysningar skal førast i matrikkelen.\n\nDepartementet kan gi forskrift om rapportering og føring av opplysningar om bygningar, adresser, eigarseksjonar og andre opplysningar kommunen skal føre i matrikkelen, og om kommunen sitt høve til å fastsetje utfyllande lokale forskrifter.\n\n> Endra ved [lover 29 juni 2007 nr. 94](lov/2007-06-29-94) (ikr. 29 juni 2007 iflg. [res. 29 juni 2007 nr. 760](forskrift/2007-06-29-760)), [16 juni 2017 nr. 65](lov/2017-06-16-65) (ikr. 1 jan 2018 iflg. [res. 15 sep 2017 nr. 1393](forskrift/2017-09-15-1393)), [20 apr 2018 nr. 12](lov/2018-04-20-12) (ikr. 20 apr 2018 iflg. [res. 20 apr 2018 nr. 593](forskrift/2018-04-20-593)).\n",
 "title": "Matrikkelføring av opplysningar om bygningar, adresser, eigarseksjonar, kommunale pålegg o.a.",
 "type": "paragraf"
}
