§ 30. Utlevering og behandling av opplysningar frå matrikkelen
Matrikkelopplysningar kan utleverast:
- for offentleg planlegging, saksbehandling og administrasjon,
- for oppgåver etter denne lova, plan- og bygningsloven eller eierseksjonsloven,
- ved søknad om offentleg løyve, eller
- for å ta hand om andre interesser som gjeld rådvelde over matrikkeleiningar eller bruken av dei.
Matrikkelinformasjon kan utleverast for andre formål dersom den som får opplysningane utlevert, skal ta i vare ei rettkommen interesse, og omsynet til personvernet for dei registrerte ikkje overstig denne interessa.
Matrikkelinformasjon som ikkje inneheld personopplysningar, eller berre omfattar informasjon som identifiserer, kartfester eller typebestemmer matrikkeleiningar, bygningar eller adresser, kan utleverast i alle høve.
Det kan knytast vilkår til utlevering og behandling av matrikkelopplysningar.
Matrikkelinformasjon skal ikkje utleverast dersom vitale personlege eller offentlege interesser tilseier dette.
Utlevering av fødselsnummer kan berre skje dersom vilkåra i personopplysningsloven § 12 er oppfylte.
Departementet kan i forskrift gi nærare reglar om behandling, utlevering og sal av opplysningar.
Endra ved lover 20 apr 2018 nr. 12 (ikr. 20 apr 2018 iflg. res. 20 apr 2018 nr. 593), 15 juni 2018 nr. 38 (ikr. 20 juli 2018 iflg. meddelelse 17 juli 2018 nr. 1195), 8 mars 2019 nr. 5 (ikr. 8 mars 2019 iflg. res. 8 mars 2019 nr. 195).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/2005-06-17-101
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 2e4edbee237cd6d3cd2b71d2b0c982ba447c09bb6235aae8a157871820f8d69a
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2010-01-01
- Siste endring i kraft
- 2025-07-01