§ 19. Mot kven ein kan gjere odelsrett gjeldande

Odelsrett kan gjerast gjeldande både mot framande og mot odelsrettshavarar lenger ute i odelsrekkja. Odelsrett kan òg gjerast gjeldande på skifte, jf. arvelova § 108 og ekteskapslova § 66 andre stykket.

Ingen odelsrettshavar kan løyse odelsjord frå si eiga mor eller sin eigen far før odelsrettshavaren har fylt 18 år.

Den som har avhendt odelsjord, har ikkje løysingsrett mot kjøparen eller rettsetterfølgjaren hans, med atterhald for der jorda er fråseld eigaren ved tvangssal.

Endra med lover 11 juni 1993 nr. 82 (gjeld ikkje der løysingsrett var aktuell då lova tok til å gjelde), 19 juni 2009 nr. 98 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 26 juni 2009 nr. 848), 14 juni 2019 nr. 21 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 28 feb 2020 nr. 200) som endra med lov 18 des 2020 nr. 149.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1974-06-28-58
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
81af2c7ba55484db7c06fc3ae5beba853886fe286482167698cebefca4ac07d4
Rendererversjon
8
I kraft
1975-01-01
Siste endring i kraft
2025-01-01