{
 "canonical_id": "nl-19740628-058#paragraf-79",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/lov/odelslova-odl/paragraf/79/",
 "heading_id": "79",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/lov/odelslova-odl/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "d0fa81bec1a9581b75269cdccdce411f1295efb43f927342b33923dae03666b4",
  "retrieved_at": "2026-07-30T18:17:57.344275+00:00",
  "source_revision": "a2fba06569b8c38bc6677ec5fa6470367167dad0",
  "xml_hash": "81af2c7ba55484db7c06fc3ae5beba853886fe286482167698cebefca4ac07d4"
 },
 "ref_id": "lov/1974-06-28-58",
 "schema_version": "1",
 "slug": "odelslova-odl",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-lover",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "1975-01-01",
  "last_change_in_force": "2025-01-01",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 79. Overgangsreglar\n\nDenne lova får ingen verknad for tilhøve der det etter dei tidlegare gjeldande reglane er blitt høve til å bruke odelsrett før dei tilsvarande nye reglane har tatt til å gjelde.\n\nOdelsjord som er gått over til ein odelsrettshavar før dei nye reglane i denne lova tok til å gjelde, kan ikkje løysast av nokon som har betre odelsrett enn eigaren etter dei nye reglane, men som stod tilbake for eigaren etter dei reglane som galdt før.\n\nVed avgjerd etter [§§ 14](lov/1974-06-28-58/§14) og [53 i](lov/1974-06-28-58/§53) denne lova skal det takast omsyn også til eigedomsovertaking frå før lova tok til å gjelde.\n\nFor odlingsjord som etter dei hittil gjeldande reglane ikkje har kunne odlast av di grunnen ligg i område som er ført over til bykommune før [lov 14 juni 1963 nr. 5](lov/1963-06-14-5) tok til å gjelde (jfr. [lov 21 desember 1956 nr. 3](lov/1956-12-21-3) om endring i kommunal inndeling § 9), skal i odelshevdstida etter § 7 i lova her reknast med inntil 15 år, slik at dersom vilkåra for odelshevd elles har lege føre i 15 år eller meir når lova tar til å gjelde, skal odelshevd reknast for å vere fullført 5 år deretter. Same reglane skal gjelde for jord i Finnmark som staten har utvist eller selt med atterhald om at odel ikkje skal kunne hevdast.\n\n> Endra med [lover 19 des 1975 nr. 70](lov/1975-12-19-70) (tidlegare § 60), [19 juni 2009 nr. 98](lov/2009-06-19-98) (ikr. 1 juli 2009 iflg. [res. 26 juni 2009 nr. 848](forskrift/2009-06-26-848), sjå lovas IX).\n",
 "title": "Overgangsreglar",
 "type": "paragraf"
}
