{
 "canonical_id": "nl-20230609-030#paragraf-10-5",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/lov/opplæringslova/paragraf/10-5/",
 "heading_id": "10-5",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/lov/opplæringslova/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "104d5bf19222c06a3ebb576589a35ad2d81a96c42880a4fa051ae94913224146",
  "retrieved_at": "2026-08-01T06:26:11.637345+00:00",
  "source_revision": "7f9bac54deb14d99008c85af472729cf60286075",
  "xml_hash": "7d2e7c292791e9552920bc6809290ce922f527423fef8c37379cfdf22df362ed"
 },
 "ref_id": "lov/2023-06-09-30",
 "schema_version": "1",
 "slug": "opplæringslova",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-lover",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2024-08-01",
  "last_change_in_force": "2026-08-01",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 10-5. Organiseringa av skoledemokratiet\n\nKvar grunnskole og vidaregåande skole skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skolen. Elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte. Kvar grunnskole skal ha eit arbeidsutval som er valt av foreldra på skolen. Foreldra kan velje å organisere seg på andre måtar. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at det blir fastsett kva for andre brukarorgan skolane skal ha.\n\nElevane og foreldra skal vere representerte i organ ved grunnskolar, og elevane skal vere representerte i organ ved vidaregåande skolar. Representantar for elevane i den vidaregåande opplæringa har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder på same måten som dei tilsette har etter [kommuneloven § 13-4](lov/2018-06-22-83/§13-4).\n",
 "title": "Organiseringa av skoledemokratiet",
 "type": "paragraf"
}
