§ 15-2. Hovudmål på kvar grunnskole

Kommunen gir forskrift om kva skriftspråk som skal vere hovudmålet på kvar skole, anten bokmål eller nynorsk. Skolen skal bruke hovudmålet i den skriftlege opplæringa og i den skriftlege kommunikasjonen med elevane og foreldra.

I samband med skifte av hovudmål på ein grunnskole eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre i kommunen krev det, skal det haldast rådgivande røysting. Nytt vedtak om hovudmål kan ikkje gjerast før det har gått fem år. Departementet kan gi forskrift om røysterett, ansvar for røystinga og organisering av røystinga.

Endra ved lov 19 juni 2026 nr. 59 (i kraft 1 aug 2026 iflg. res. 19 juni 2026 nr. 1137).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2023-06-09-30
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
7f9bac54deb1
Innholdshash (XML)
7d2e7c292791e9552920bc6809290ce922f527423fef8c37379cfdf22df362ed
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-01