{
 "canonical_id": "nl-20230609-030#paragraf-28-6",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/lov/opplæringslova/paragraf/28-6/",
 "heading_id": "28-6",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/lov/opplæringslova/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "bfbdb75303a903332f30fd169c0f5ec5c4634003ba0fefca0374a19e86c102f4",
  "retrieved_at": "2026-08-01T06:26:11.637345+00:00",
  "source_revision": "7f9bac54deb14d99008c85af472729cf60286075",
  "xml_hash": "7d2e7c292791e9552920bc6809290ce922f527423fef8c37379cfdf22df362ed"
 },
 "ref_id": "lov/2023-06-09-30",
 "schema_version": "1",
 "slug": "opplæringslova",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-lover",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2024-08-01",
  "last_change_in_force": "2026-08-01",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 28-6. Unntak frå hovudreglane om kva opplæring kommunen og fylkeskommunen har ansvar for\n\nDepartementet kan i særlege tilfelle godkjenne at ein fylkeskommune driv grunnskoleopplæring og førebuande opplæring for vaksne, og at ein kommune driv vidaregåande opplæring.\n\nDepartementet kan i særlege tilfelle godkjenne at ein fylkeskommune driv vidaregåande opplæring i utlandet, dersom målet med opplæringa er norsk studie- eller yrkeskompetanse. Denne lova gjeld for slik opplæring. Så langt det er forsvarleg og nødvendig, kan departementet likevel gjere unntak frå reglane i lova og forskrifter til lova. Departementet kan endre vilkåra for godkjenninga når tilhøva talar for det, og kan om nødvendig kalle ho tilbake.\n\nStaten kan i særlege tilfelle drive grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring. Departementet kan gi forskrift om unntak frå reglane i lova og forskrifter til lova når staten driv grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring.\n",
 "title": "Unntak frå hovudreglane om kva opplæring kommunen og fylkeskommunen har ansvar for",
 "type": "paragraf"
}
