{
 "canonical_id": "nl-20230609-030#paragraf-9-4",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/lov/opplæringslova/paragraf/9-4/",
 "heading_id": "9-4",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/lov/opplæringslova/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "aea211aeec3f365b7b20a0c7137d8739d0e3df27481e5d3130a3c827098756fb",
  "retrieved_at": "2026-08-01T06:26:11.637345+00:00",
  "source_revision": "7f9bac54deb14d99008c85af472729cf60286075",
  "xml_hash": "7d2e7c292791e9552920bc6809290ce922f527423fef8c37379cfdf22df362ed"
 },
 "ref_id": "lov/2023-06-09-30",
 "schema_version": "1",
 "slug": "opplæringslova",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-lover",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2024-08-01",
  "last_change_in_force": "2026-08-01",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 9-4. Oppfølgingsteneste for dei som ikkje er i vidaregåande opplæring eller arbeid\n\nFylkeskommunen skal ha ei oppfølgingsteneste. Oppfølgingstenesta skal sørgje for at dei som har rett til opplæring etter [§ 5-1](lov/2023-06-09-30/§5-1) og ikkje er i opplæring eller arbeid, får tilbod om vidaregåande opplæring, andre kompetansefremjande tiltak eller arbeid. Ein er omfatta av tenesta fram til utgangen av det året ein fyller 24 år.\n\nOppfølgingstenesta skal sikre tverretatleg samarbeid mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som har ansvar for målgruppa. Oppfølgingstenesta skal formidle og samordne dei ulike tilboda.\n\nDepartementet kan gi forskrift om oppgåvene til oppfølgingstenesta.\n",
 "title": "Oppfølgingsteneste for dei som ikkje er i vidaregåande opplæring eller arbeid",
 "type": "paragraf"
}
