§ 3-4 c. Tilfredsstillande utbytte av opplæringa

Skolen skal sørgje for at lærarane følgjer med på utviklinga til elevane og melder frå til dagleg leiar dersom det er tvil om at ein elev har tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Om det må til, skal skolen setje i verk eigna tiltak, jf. § 3-4 b og § 3-4 d.

Skolen skal vurdere om tiltaka er nok til å gi eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa, eller om eleven kan trenge individuell tilrettelegging etter reglane i opplæringslova §§ 11-4, 11-5 og 11-6, jf. § 3-6.

Tilføyd ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2003-07-04-84
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
9ce2df5aa30a
Innholdshash (XML)
40e4780ff1cf696b9568cdfa8ddbea4c86cdafcae1ef93e33cc0acb9c5611fee
Rendererversjon
8
I kraft
2003-10-01
Siste endring i kraft
2026-08-01