§ 5-1. Styret

Som øvste ansvarlege organ skal kvar skole ha eit styre. Skolen sitt styre skal oppnemnast i samsvar med det rettsgrunnlaget skolen blir driven etter.

Rett til å vere til stades på møte i styret, til å seie meininga si og få denne tilført protokollen, har:

  1. ein representant oppnemnd av vertskommunen når det gjeld ein grunnskole, ein representant oppnemnd av fylkeskommunen når det gjeld ein vidaregåande skole,
  2. ein representant frå elevane,
  3. ein representant frå foreldra i grunnskolar,
  4. ein representant for undervisningspersonalet ved skolen,
  5. ein representant for andre tilsette ved skolen,
  6. dagleg leiar av skolen.

Departementet kan i særskilde tilfelle og etter søknad gjere unntak frå andre ledd.

Ved behandling av saker der det gjeld lovfesta teieplikt, skal styret sørgje for at personar under 18 år med møterett forlet møtet.

Endra ved lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2003-07-04-84
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
9ce2df5aa30a
Innholdshash (XML)
40e4780ff1cf696b9568cdfa8ddbea4c86cdafcae1ef93e33cc0acb9c5611fee
Rendererversjon
8
I kraft
2003-10-01
Siste endring i kraft
2026-08-01