§ 1.

Riksteatret har til føremål å fremja arbeidet med å føra dramatisk kunst ut til folket i bygd og by og på andre tenlege måtar å auka kjennskapen til god dramatisk kunst.

Denne oppgåva skal Riksteatret løysa ved:

  1. å greida med den praktiske tilskipinga av spelferder som Riksteatret ynskjer å senda ut og som går ut frå og blir drivne av dei statsstødde teatra i landet i samsvar med dei plikter som desse teatra har for å få statsstønad,
  2. å stø godtekne spelferder som går ut frå andre faste teater enn dei som er nemnde under bokstav a eller som med eller utan tilskunning frå Riksteatret kjem i stand etter opptak frå einskildpersonar, institusjonar eller grupper av skodespelarar, og som desse sjølve har det økonomiske ansvaret for,
  3. å skipa til spelferder med skodespelarar som er tinga til dette beinveges av Riksteatret for den einskilde spelferda eller for ein heil spelbolk,
  4. å få i stand lokale teaterlag til framhjelp for Riksteatret og det føremålet det har,
  5. å fremja arbeidet med å reisa tidhøvelege teaterbygnader,
  6. å fremja eller stø andre tiltak som er tenlege for føremålet.

Endra med lov 20 juni 2003 nr. 45 (ikr. 1 juli 2003 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 712).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1948-12-13-5
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
daaf178ed946a8c78c7952b331e1d1cfe26d7eeb6bf32939ae4116400aa9e9b9
Rendererversjon
8
I kraft
1949-04-01
Siste endring i kraft
2003-07-01