{
 "canonical_id": "nl-20070629-081#paragraf-1",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/lov/samvirkelova/paragraf/1/",
 "heading_id": "1",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/lov/samvirkelova/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "70a6635df16035e85fd653bd7ea429328c511b714ddc1f07afecb49fa69663e0",
  "retrieved_at": "2026-07-30T18:17:57.344275+00:00",
  "source_revision": "a2fba06569b8c38bc6677ec5fa6470367167dad0",
  "xml_hash": "78704e91392a1f51abc2bcd6d0b6549efb8b9a11119f2955889c657dfd1a6a03"
 },
 "ref_id": "lov/2007-06-29-81",
 "schema_version": "1",
 "slug": "samvirkelova",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-lover",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2008-01-01",
  "last_change_in_force": "2024-11-01",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 1. Verkeområde\n\n(1) Lova gjeld for samvirkeforetak.\n\n(2) Med samvirkeforetak er meint ei samanslutning som har til hovudformål å fremje dei økonomiske interessene til medlemmane gjennom deira deltaking i verksemda som avtakarar, leverandørar eller på annan liknande måte, og der\n\n1. avkastinga, bortsett frå ei normal forrenting av innskoten kapital, anten blir ståande i verksemda eller fordelt mellom medlemmane på grunnlag av deira andel i omsetninga med samanslutninga, og\n2. ikkje nokon av medlemmane har personleg ansvar for skyldnadene til samanslutninga, udelt eller for delar som til saman utgjer dei samla skyldnadene.\n\n(3) Eit samvirkeforetak ligg også føre dersom interessene til medlemmane som nemnt i andre ledd, blir fremja gjennom deira omsetning med eit foretak som samvirkeforetaket eig åleine eller saman med andre samvirkeforetak, medrekna eit sekundærsamvirke etter [§ 4](lov/2007-06-29-81/§4) andre ledd. Det same gjeld dersom interessene til medlemmane blir fremja gjennom deira omsetning med eit foretak som sekundærsamvirket eig åleine. Kongen kan ved enkeltvedtak i særlege tilfelle godkjenne at det ligg føre eit samvirkeforetak også om interessene til medlemmane blir fremja gjennom deira omsetning med andre samanslutningar enn dei som er nemnde i dette leddet.\n\n(4) Lova gjeld ikkje for:\n\n1. aksjeselskap\n2. allmennaksjeselskap\n3. bustadbyggjelag\n4. burettslag\n5. gjensidige forsikringsselskap\n6. dottersamvirkeforetak.\n",
 "title": "Verkeområde",
 "type": "paragraf"
}
