(1) Styret i det foretaket som skal delast, skal utarbeide og signere ein fisjonsplan som minst inneheld opplysingar om forhold som nemnt i § 104 andre ledd. I tillegg skal fisjonsplanen oppgi:
(2) Dersom eit overtakande foretak er eit eksisterande foretak, skal fisjonsplanen innehalde eventuelle framlegg til vedtektsendringar i det overtakande foretaket. Dersom eit overtakande foretak skal stiftast ved fisjonen, skal planen i staden innehalde framlegg til stiftingsdokument for det overtakande foretaket, jf. §§ 8 til 10.
(3) Ved fisjon ved overføring til eitt eller fleire eksisterande samvirkeforetak skal styra i dei foretaka som deltek, utarbeide ein sams fisjonsplan.
(4) Føresegnene i §§ 105 til 110 gjeld tilsvarande.
Endra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.