{
 "canonical_id": "nl-20070629-081#paragraf-121",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/lov/samvirkelova/paragraf/121/",
 "heading_id": "121",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/lov/samvirkelova/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "d7d9c5c12ea629d70926bf37e94f93efb115c7aae4a4522903a6a634b412bd2c",
  "retrieved_at": "2026-07-30T18:17:57.344275+00:00",
  "source_revision": "a2fba06569b8c38bc6677ec5fa6470367167dad0",
  "xml_hash": "78704e91392a1f51abc2bcd6d0b6549efb8b9a11119f2955889c657dfd1a6a03"
 },
 "ref_id": "lov/2007-06-29-81",
 "schema_version": "1",
 "slug": "samvirkelova",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-lover",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2008-01-01",
  "last_change_in_force": "2024-11-01",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 121. Fisjonsplan o.a.\n\n(1) Styret i det foretaket som skal delast, skal utarbeide og signere ein fisjonsplan som minst inneheld opplysingar om forhold som nemnt i [§ 104](lov/2007-06-29-81/§104) andre ledd. I tillegg skal fisjonsplanen oppgi:\n\n1. fordelinga av eigedelar, rettar og skyldnader på dei foretaka som er med på fisjonen,\n2. fordelinga av medlemskap og eventuelt anna vederlag på medlemmane i det overdragande foretaket.\n\n(2) Dersom eit overtakande foretak er eit eksisterande foretak, skal fisjonsplanen innehalde eventuelle framlegg til vedtektsendringar i det overtakande foretaket. Dersom eit overtakande foretak skal stiftast ved fisjonen, skal planen i staden innehalde framlegg til stiftingsdokument for det overtakande foretaket, jf. [§§ 8](lov/2007-06-29-81/§8) til [10](lov/2007-06-29-81/§10).\n\n(3) Ved fisjon ved overføring til eitt eller fleire eksisterande samvirkeforetak skal styra i dei foretaka som deltek, utarbeide ein sams fisjonsplan.\n\n(4) Føresegnene i [§§ 105](lov/2007-06-29-81/§105) til [110](lov/2007-06-29-81/§110) gjeld tilsvarande.\n\n> Endra med lov [28 mai 2021 nr. 51](lov/2021-05-28-51) (ikr. 1 juni 2021 iflg. [res. 28 mai 2021 nr. 1667](forskrift/2021-05-28-1667)).\n",
 "title": "Fisjonsplan o.a.",
 "type": "paragraf"
}
