§ 140. Tingretten overtek ansvaret for avviklinga
(1) Tingretten kan ved orskurd vedta å overta ansvaret for avviklinga av foretaket når særlege grunnar talar for det, dersom
- foretaket ikkje er meldt endeleg oppløyst til Foretaksregisteret seinast eitt år etter registrering av melding etter § 129, eller
- minst ein femdel av medlemmane krev det.
(2) Styret eller i tilfelle avviklingsstyret skal få høve til å uttale seg før avgjerda blir tatt. Foretaksregisteret skal gi tingretten melding om at fristen etter første ledd nr. 1 er ute.
(3) Har tingretten overtatt avviklinga, skal den vidare avviklinga skje etter reglane i § 144. Orskurden har verknad som ein orskurd om konkursopning etter konkurslova kapittel VIII.
(4) Er foretaket oppløyst på grunn av føresegner i lov eller vedtekter, kan buet leverast tilbake til foretaket etter konkurslova § 136 dersom oppløysingsgrunnen ikkje lenger er til stades. § 139 andre ledd gjeld tilsvarande.
Vert endra ved lov 19 juni 2026 nr. 48 (i kraft frå den tid Kongen bestemmer).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/2007-06-29-81
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 78704e91392a1f51abc2bcd6d0b6549efb8b9a11119f2955889c657dfd1a6a03
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2008-01-01
- Siste endring i kraft
- 2024-11-01