§ 148. Vedlegg til omdanningsplanen
(1) Som vedlegg til omdanningsplanen skal følgje:
- siste årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding for samvirkeforetak med rekneskaps- og revisjonsplikt,
- utkast til opningsbalanse for selskapet.
(2) Opningsbalansen skal setjast opp i samsvar med gjeldande rekneskapsreglar. Ein statsautorisert eller registrert revisor skal gi ei fråsegn om at balansen er sett opp i samsvar med desse reglane. Opningsbalansen med fråsegn frå revisor skal tidlegast vere datert åtte veker før årsmøtevedtaket om omdanning. Kongen kan gi forskrift med nærmare reglar om kravet til opningsbalanse. I forskrifta kan det gjerast unntak frå reglane i første til tredje punktum.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/2007-06-29-81
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 78704e91392a1f51abc2bcd6d0b6549efb8b9a11119f2955889c657dfd1a6a03
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2008-01-01
- Siste endring i kraft
- 2024-11-01