{
 "canonical_id": "nl-20070629-081#paragraf-148",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/lov/samvirkelova/paragraf/148/",
 "heading_id": "148",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/lov/samvirkelova/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "b837221dfd1d8530732104c7cd0b73c9d7755f11a90e0fbb1c644b9b975e7879",
  "retrieved_at": "2026-07-30T18:17:57.344275+00:00",
  "source_revision": "a2fba06569b8c38bc6677ec5fa6470367167dad0",
  "xml_hash": "78704e91392a1f51abc2bcd6d0b6549efb8b9a11119f2955889c657dfd1a6a03"
 },
 "ref_id": "lov/2007-06-29-81",
 "schema_version": "1",
 "slug": "samvirkelova",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-lover",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2008-01-01",
  "last_change_in_force": "2024-11-01",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 148. Vedlegg til omdanningsplanen\n\n(1) Som vedlegg til omdanningsplanen skal følgje:\n\n1. siste årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding for samvirkeforetak med rekneskaps- og revisjonsplikt,\n2. utkast til opningsbalanse for selskapet.\n\n(2) Opningsbalansen skal setjast opp i samsvar med gjeldande rekneskapsreglar. Ein statsautorisert eller registrert revisor skal gi ei fråsegn om at balansen er sett opp i samsvar med desse reglane. Opningsbalansen med fråsegn frå revisor skal tidlegast vere datert åtte veker før årsmøtevedtaket om omdanning. Kongen kan gi forskrift med nærmare reglar om kravet til opningsbalanse. I forskrifta kan det gjerast unntak frå reglane i første til tredje punktum.\n",
 "title": "Vedlegg til omdanningsplanen",
 "type": "paragraf"
}
