§ 36. Rett til å delta. Fullmektig

(1) Alle medlemmane har rett til å delta i årsmøtet. Ein medlem kan delta ved fullmektig etter eige val, dersom ikkje vedtektene seier at medlemmane ikkje kan delta ved fullmektig. Ingen kan vere fullmektig for meir enn ein medlem, men der fleire har ein medlemskap saman, kan dei ha sams fullmektig. Retten til å delta kan ikkje avgrensast i vedtektene på anna vis enn det som følgjer av § 37.

(2) Fullmektigen skal leggje fram skriftleg og datert fullmakt. Dersom fullmakta blir lagt fram ved bruk av elektronisk kommunikasjon, skal det vere nytta ein forsvarleg metode for å autentisere avsendaren. Fullmakta gjeld berre for det førstkomande årsmøtet dersom det ikkje går tydeleg fram at noko anna er meint. Medlemmen kan når som helst kalle tilbake fullmakta.

(3) Kvar medlem kan delta med ein rådgivar, som årsmøtet kan gi talerett. Første punktum kan fråvikast i vedtektene.

Endra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2007-06-29-81
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
78704e91392a1f51abc2bcd6d0b6549efb8b9a11119f2955889c657dfd1a6a03
Rendererversjon
8
I kraft
2008-01-01
Siste endring i kraft
2024-11-01