§ 44. Gjennomføring av årsmøte

(1) Årsmøtet skal haldast som møte. Styret avgjer møteforma. Styrets mynde etter andre punktum kan avgrensast i vedtektene.

(2) Styret skal syte for ei forsvarleg gjennomføring av årsmøtet.

(3) Blir årsmøtet gjennomført som fysisk møte, gjeld desse reglane:

  1. Årsmøtet skal haldast i den kommunen der foretaket har forretningskontoret, om ikkje anna er fastsett i vedtektene. Årsmøtet kan haldast ein annan stad dersom det trengst av særlege grunnar.
  2. Medlemmane har rett til å delta elektronisk, om ikkje styret meiner at det ligg føre sakleg grunn for å nekte. Reglane i fjerde ledd gjeld tilsvarande.

(4) Blir årsmøtet gjennomført som elektronisk møte, skal styret syte for at det finst system som sikrar at krav til årsmøte i lova er oppfylt. Systema må sikre at deltakinga og røystinga kan kontrollerast på ein forsvarleg måte, og det må nyttast ein forsvarleg metode for å autentisere avsendaren. I vedtektene kan det fastsetjast nærmare krav til elektronisk deltaking på årsmøtet.

(5) Kallar tingretten eller anna offentleg mynde inn til årsmøte, avgjer dei møteforma.

(6) Departementet kan gi forskrift med nærmare reglar om elektronisk deltaking på årsmøtet.

Tilføyd med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2007-06-29-81
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
78704e91392a1f51abc2bcd6d0b6549efb8b9a11119f2955889c657dfd1a6a03
Rendererversjon
8
I kraft
2008-01-01
Siste endring i kraft
2024-11-01