(1) Tingretten skal ta til følgje eit krav etter § 59 andre ledd om gransking dersom retten meiner at det har rimeleg grunn.
(2) Før det blir tatt avgjerd, skal tingretten gi foretaket og i tilfelle den granskinga elles vil omfatte, høve til å uttale seg.
(3) Retten skal oppnemne ein eller fleire granskarar. Det som er fastsett om rett til undersøking mv. for revisor i revisorloven § 2-2 og om sjølvstende og objektivitet for revisor i revisorloven §§ 8-1 til 8-8, gjeld tilsvarande for granskarane. Dei har teieplikt etter same reglar som revisor, jf. revisorloven § 10-1.
(4) Retten skal fastsetje godtgjersle for granskarane. Kostnadene ved granskinga skal berast av foretaket. Retten kan fastsetje at foretaket skal deponere ein høveleg sum på førehand.
Endra med lov 20 des 2022 nr. 122.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.