§ 2. Virkefeltet for lova

Denne lova gjeld for all skog og skogmark. Med skogmark forstår ein i denne lova grunn som er skogproduserande, eller som etter ei samla vurdering er best eigna for skogproduksjon, og som ikkje er nytta til andre formål.

Lova gjeld sjølv om eit område er verna etter naturmangfoldloven kapittel V eller eldre vernevedtak som nemnt i naturmangfoldloven § 77, eller i plan etter plan- og bygningslova er lagt ut til andre formål enn landbruk, så sant ikkje anna følgjer av verne- eller planvedtaket eller av forskrifter knytt til vedtaket.

Lova kan ikkje nyttast i strid med dei rettane reindriftssamane har til trevirke og brensel.

Endra ved lov 28 mars 2014 nr. 9 (ikr. 1 juni 2014 iflg. res. 28 mars 2014 nr. 371).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2005-05-27-31
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
d682cc2181541421f5c9fbf09cd04785ddf27d2b492646ac65f766e82306bbe0
Rendererversjon
8
I kraft
2006-01-01
Siste endring i kraft
2025-01-01