§ 2. Definisjonar
I denne lova tyder
- dokument: ei logisk avgrensa informasjonsmengd som blir lagra på eit medium for seinare lesing, framsyning, overføring eller liknande
- allment tilgjengelege dokument: dokument som blir utferda og sendt ut av eit organ som er omfatta av lova her, og som ikkje er stila til enkeltadressatar
- statsorgan: alle organ for staten og sjølvstendige rettssubjekt der staten har ein eigarskap som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav c, eller ei rolle som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav d, og som ikkje er omfatta av § 3 første ledd andre punktum
- offentleg organ: statsorgan etter bokstav c, alle organ for kommune og fylkeskommune og sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein eigarskap som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav c, eller ei rolle som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav d, og som ikkje er omfatta av § 3 første ledd andre punktum
- sentrale statsorgan: statsorgan med heile landet som tenestekrins
- regionale statsorgan: statsorgan med mindre enn heile landet som tenestekrins.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/2021-05-21-42
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 58b17eddae4aa3b9282006c1989c7e0adace1c003387ca08d6992c692e69677c
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2022-01-01
- Siste endring i kraft
- 2025-07-01