§ 2. Definisjonar
I denne lova tyder:
- stadnamn: namn på terrengformasjonar som fjell og vatn, kulturformasjonar som gardsområde, gardsbruk, vegar og bruer, administrative område som kommunar og sokn, reinbeitedistrikt, institusjonar og adresser
- gardsnamn: namnet på heile det gardsområdet som eitt eller fleire gardsnummer er knytte til
- bruksnamn: namn på gardsbruk eller annan eigedom med eitt eller fleire bruksnummer eller festenummer under eit gardsnummer
- nedervd stadnamn: stadnamn som munnleg eller skriftleg er overlevert frå tidlegare generasjonar
- nedervd lokal uttale: uttale som er overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk
- rettskrivingsprinsipp: allmenne reglar for korleis lydar og lydkombinasjonar skal givast att i skrift
Endra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 726), 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/1990-05-18-11
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 3609e97d565cf64c9438b665f8af72236c639b130669fb0cb68d8760ce92ce4c
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 1991-07-01
- Siste endring i kraft
- 2021-06-01