§ 4. Reglar om skrivemåten

Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk, samisk og kvensk. Skogfinske stadnamn på Austlandet følgjer norske rettskrivingsprinsipp.

Har skrivemåten vore lenge i bruk, og er vel kjend og innarbeidd, kan ein fråvike gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp.

Når det same namnet er brukt om ulike namneobjekt på den same staden, skal den skrivemåten som er brukt for det namneobjektet namnet opphavleg vart brukt om, som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten for dei andre namneobjekta. Dette gjeld ikkje i dei tilfella der det opphavlege namnet på namneobjektet er eit bruksnamn med ein skrivemåte som er fastsett av grunneigaren.

To eller fleire skriftformer av same namn på det same namneobjektet kan fastsetjast som sidestilte, dersom eitt eller fleire av desse vilkåra er oppfylte:

  1. det finst fleire uttalevariantar av namnet fordi lokaliteten har stor geografisk utbreiing, eller ligg i eit dialektalt eller administrativt grenseområde
  2. to eller fleire skriftformer av namnet er vel innarbeidde
  3. det er sterk lokal interesse for to eller fleire av formene

Endra med lover 10 juni 2005 nr. 53 (ikr. 1 aug 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 533), 19 juni 2015 nr. 74 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 726), 21 juni 2019 nr. 59 (ikr. 1 juli 2019).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1990-05-18-11
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
3609e97d565cf64c9438b665f8af72236c639b130669fb0cb68d8760ce92ce4c
Rendererversjon
8
I kraft
1991-07-01
Siste endring i kraft
2021-06-01