§ 1-5. Konsern

(1) Eit morføretak utgjer saman med eitt eller fleire dotterselskap eit konsern.

(2) Eit statsføretak er eit morføretak om det på grunn av avtale eller som eigar av aksjar eller selskapspartar har bestemmande innverknad over eit selskap. Eit statsføretak skal alltid reknast for å ha bestemmande innverknad over eit selskap når føretaket

  1. eig så mange aksjar eller partar i eit selskap at dei representerer fleirtalet av røystene i selskapet, eller
  2. har rett til å velje eller avsetje eit fleirtal av medlemene i styret til selskapet.

(3) Eit selskap som står i eit forhold som nemnt i andre ledd til eit morføretak, er å rekne som eit dotterselskap.

(4) Ved berekninga av røysterettar og rettar til å velje eller avsetje styremedlemer skal rettar som morføretaket og dotterselskapa har, reknast med. Det same gjeld rettar som nokon som handlar i sitt eige namn har, men som gjer det for morføretaket eller eit dotterselskap si rekning.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-04-10-9
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
8ad6d0ad5477750869089723b23769d69824a6317258194f9735508d285a0ace
Rendererversjon
8
I kraft
2026-01-01