§ 3-10. Nedsetjing av innskotskapitalen

(1) Føretaksmøtet kan vedta å setje ned innskotskapitalen til staten. Det beløpet innskotskapitalen skal setjast ned med, kan berre brukast til

  1. dekning av tap som ein ikkje kan dekkje på annan måte
  2. tilbakebetaling til staten
  3. overføring til fond.

(2) Det skal gå fram av møteprotokollen kor mykje innskotet skal setjast ned med, og kva det skal brukast til. Dersom det i samband med nedsetjinga skal skje utdelingar til staten med større beløp enn nedsetjingsbeløpet, skal dette høgare beløpet og korleis det skal dekkjast, gå fram av vedtaket til føretaksmøtet.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/2025-04-10-9
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
8ad6d0ad5477750869089723b23769d69824a6317258194f9735508d285a0ace
Rendererversjon
8
I kraft
2026-01-01