§ 5-30. Fullmakt til å teikne føretaksnamnet til føretaket
(1) Styret kan gi styremedlemer eller dagleg leiar rett til å teikne føretaksnamnet til føretaket. Slik fullmakt kan fastsetjast i vedtektene, som også kan avgrense myndet styret har til å gi rett til å teikne føretaksnamnet til føretaket.
(2) Retten til å teikne føretaksnamnet til føretaket kan når som helst kallast tilbake. Styret kan kalle tilbake vedtektsfesta fullmakt når ein ikkje kan vente på vedtak frå føretaksmøtet utan å valde føretaket skade.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/2025-04-10-9
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 8ad6d0ad5477750869089723b23769d69824a6317258194f9735508d285a0ace
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2026-01-01