Kommunen har plikt til å levere drikkevatn til eigedomar som har tilknyting til eit kommunalt vassanlegg.
Eigarane av eigedomar som har tilknyting til eit kommunalt vassanlegg, skal vedlikehalde private vassleidningar og -installasjonar og bruke kommunen sine vasstenester på ein måte som ikkje vanskeleggjer kommunen si plikt til å levere drikkevatn etter første ledd. Plikta kan mellom anna gå ut på at abonnenten skal utbetre lekkasjar på sine private leidningar og installasjonar.
Kommunen kan gi forskrift eller gjere enkeltvedtak om krav til bruk av vatn frå kommunalt vassanlegg til anna enn drikkevatn.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.