§ 33

Reklameskilt eller liknande innretning må ikkje utan løyve plasserast ved offentleg veg eller plasserast slik at dei er retta mot vegtrafikken eller er synleg for dei vegfarande. Reklameskilt eller liknande innretning som syner namnet åt ei verksemd eller kva verksemd det er, eller som på annan måte reklamerer for verksemda, kan likevel plasserast på bygningane åt verksemda utan løyve. Finn vegstyremakta at eit slikt reklameskilt eller liknande innretning er trafikkfarleg, kan ho gi påbod om å fjerne dette etter regelen i fjerde ledd.

Løyve kan gjevast inntil vidare eller for ei avgrensa tid dersom vegstyremakta finn at reklameskiltet eller innretninga ikkje vil vere trafikkfarleg. Som trafikkfarleg reklame reknar ein innretning som kan takast for trafikksignal, vegskilt eller vegmerking, eller hindre den frie sikta langs vegen, eller som kan trekkje dei vegfarande si merksemd vekk frå vegen eller trafikken.

Med sikte på å unngå fare for dei vegfarande, kan departementet sette forbod mot visse slag reklameskilt og liknande innretningar og mot å sette slike skilt og innretningar på visse stader eller ved visse vegstrekningar.

Blir reklameskilt eller liknande innretning plassert i strid med det som er fastsett i eller med heimel i denne lova, eller blir reklameskiltet eller innretninga endra slik at desse blir i strid med lova, kan vegstyremakta straks syte for at dei blir tekne bort, flytta eller endra. Den ansvarlege lyt då bere kostnaden, dersom han ikkje sjølv syter for å ta bort, flytte eller endre reklameskiltet eller innretninga innan ein fastsett frist. Dersom vegstyremakta finn det naudsynt av omsyn til trafikktryggleiken, kan førehandsvarsel etter forvaltningslova unnlatast. Varsel som gjeld mange einskilde partar kan kunngjerast i eit blad som blir vanleg lese på staden.

Avgjerd etter første, andre og fjerde ledd tar Statens vegvesen for riksvegar, fylkeskommunen for fylkesvegar og kommunen for kommunale vegar.

Endra med lover 17 des 1993 nr. 129, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002 iflg. res. 21 juni 2002 nr. 576), 21 juni 2019 nr. 68 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 869).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
lov/1963-06-21-23
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
7ba3671112a82f3ab3c42a9a3253a0c0dbe3784f525564264649ed3b2d503ccd
Rendererversjon
8
I kraft
1964-01-01
Siste endring i kraft
2025-01-01