Avkjørsle frå offentleg veg må berre byggast eller nyttast etter reguleringsplan eller arealdel av kommuneplan etter plan- og bygningsloven.
Ligg det ikkje føre nokon reguleringsplan som nemnd, eller planen ikkje omfattar avkjørsle, må avkjørsle frå offentleg veg ikkje byggast eller nyttast utan løyve frå vegstyremakta.
Vegstyremakta kan krevje at avkjørsle frå offentleg veg skal byggast etter ein plan den godkjenner.
Er arbeidet med avkjørsla ikkje sett i gang innan 3 år etter at løyve er gitt, fell løyvet bort.
Endra med lover 29 mai 1981 nr. 39, 14 juni 1985 nr. 77, 31 aug 1990 nr. 55, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. hhv. 1 apr 1996 og 1 juli 1996), 7 apr 2000 nr. 21 (ikr. 1 mai 2000 iflg. res. 7 apr 2000 nr. 318), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002 iflg. res. 21 juni 2002 nr. 576), 20 juni 2003 nr. 45 (ikr. 1 juli 2003 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 712), 27 juni 2008 nr. 71 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 12 juni 2009 nr. 638), 19 juni 2009 nr. 109 (ikr. 1 jan 2010), 21 juni 2019 nr. 68 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 869).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.