§ 28. Godkjenning av skyttar- og våpensamlarorganisasjonar og tekniske program
Skyttar- eller våpensamlarorganisasjonar må vere godkjente av politiet for at dokumentert medlemsskap skal kunne gje grunnlag for løyve til erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon etter § 12.
Politiet kan godkjenne skyttar- og våpensamlarorganisasjonar når dei:
- har eit føremål som har sakleg samanheng med skyteaktiviteten,
- organiserer faste skyte- eller samlaraktivitetar, og
- har ein fast organisasjonsstruktur, medrekna eit sentralt medlemsregister.
Politiet kan etter søknad frå godkjente skyttarorganisasjonar godkjenne skyttarforbunda sine tekniske program i samsvar med krava som er fastsette i medhald av denne lova.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- lov/2018-04-20-7
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 6c942c4ffa5b3accf024f4836eb35cfe3602f3889dcc943dd93d22aa9ed3751c
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2021-06-01
- Siste endring i kraft
- 2026-07-01