Den som skal få kjøresetel, må vere fylt 20 år, ha slik vandel at politiet ikkje finn vedkommande uskikka til å virke som førar og oppfylle dei same krava til helse som for førarkort klasse D og DE. Førar av drosje må i tillegg ha tilstrekkeleg fagleg kompetanse og ha hatt førarkort klasse B utan avbrot i minst to år.
For utlendingar krevst det 4 års butid i Noreg før kjøresetel kan utferdast. Kravet om butid gjeld likevel ikkje for
For tredjelandsborgarar som ikkje har fått opphaldstillating før innreise til Noreg, skal butida reknast frå den datoen søknaden om opphaldstillating vert registrert hos utlendingsstyresmaktene. For EØS-borgarar, og tredjelandsborgarar som har fått opphaldstillating før innreise til Noreg, vert butida rekna frå det tidspunktet som følgjer av politiregisterforskrifta § 28-4 andre ledd.
Føyd til ved lov 19 des 2003 nr. 132 (ikr. 1 jan 2004), endra ved lover 23 jan 2015 nr. 6, 21 juni 2019 nr. 67 som endra ved lov 19 juni 2020 nr. 94 (ikr. 1 nov 2020, sjå lov 21 juni 2019 nr. 67 del II nr. 2 for overgangsføresegn).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.