§ 2. Forskrift om kva dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida
Når Nasjonalarkivet gir forskrift med heimel i arkivlova § 12 andre ledd andre punktum om kva dokumentasjon som organa skal ta vare på for ettertida, skal Nasjonalarkivet leggje desse kriteria til grunn:
- i kva grad dokumentasjonen viser endringar i samfunnet, medrekna korleis ulike grupper, organisasjonar og verksemder har påverka og har blitt påverka av utviklinga over tid
- i kva grad dokumentasjonen viser endringar i naturen og klimaet over tid
- i kva grad dokumentasjonen viser korleis offentlege organ forvaltar oppgåvene sine og ansvaret sitt, medrekna korleis dei utøver mynde og samhandlar med kvarandre
- i kva grad dokumentasjonen viser korleis dei private rettssubjekta som er omfatta av arkivlova, forvaltar oppgåvene sine, jf. arkivlova § 3
- om dokumentasjonen kan tene som prov på privatpersonar eller andre private rettssubjekt sine rettar eller plikter i framtida.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2025-12-17-2647
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 7c8debfccabcc2a1ce56547cf947c6f954b4fc249d166e9c2bec8bb21a7b627a
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2026-01-01