§ 3. Oppbevaringstider for dokumentasjon

Eit organ skal sjølv fastsetje oppbevaringstider for dokumentasjon som ikkje er omfatta av forskrifta gitt av Nasjonalarkivet med heimel i arkivlova § 12 andre ledd andre punktum om kva dokumentasjon som organa skal ta vare på for ettertida.

Når organet fastset oppbevaringstider, skal det vurdere kor lenge det er naudsynt å oppbevare dokumentasjon av omsyn til

  1. reglar om tidsavgrensa oppbevaring i anna regelverk
  2. dei administrative og juridiske dokumentasjonsbehova til organet sjølv
  3. dei juridiske dokumentasjonsbehova til andre offentlege og private verksemder
  4. dokumentasjonsbehova til borgarane.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-12-17-2647
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
7c8debfccabcc2a1ce56547cf947c6f954b4fc249d166e9c2bec8bb21a7b627a
Rendererversjon
8
I kraft
2026-01-01