§ 3-3. Opphavsrett

(1) Eit prosjekt-, ein diplom eller masteroppgåve kan ikkje nyttast i konkurransar eller liknande som medfører bedømming, eller på annan måte offentleggjering før sensur er gjennomført av BAS med mindre dette er spesifisert og godkjent gjennom oppgåva sitt program.

(2) Ein student har opphavsretten til dei åndsverk han eller ho skaper i overeinsstemming med åndsverkslova. Åndsverk er ifølge lova: «[...] litterære eller kunstneriske verk av enhver art som er uttrykk for original og individuell skapende åndsinnsats.». BAS føreheld seg retten til å gjere bruk av studentarbeid til utstillingar og undervisningsføremål i skulen sin regi. I slike tilfelle skal studenten sitt namn oppgis. BAS kan publisere studentoppgåver eller studentarbeid så fremt studenten har gitt sitt samtykke. BAS sine rettleiarar har ikkje stilling som medforfattar til studentoppgåver, men namn på rettleiarar skal førast opp ved offentleg bruk av diplomoppgåver. BAS eig 50 % i studenten sitt studentarbeid/prosjekt gjort på skulen.

(3) Studenten er sjølv ansvarleg for å innhente ev. patentrettar i sine oppgåver. Dette gjeld og i høve til samarbeid.

(4) Ein samarbeidspart kan krevje teieplikt frå studenten i samband med ei studentoppgåve. Denne teieplikta må ikkje være til hinder for sensorane i deira arbeid med bedømming av oppgåva.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2019-03-04-179
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
7de85447bac21e7d8c84ee6430d633504bd292f02739c59c00d299f4a1887b6a
Rendererversjon
8
I kraft
2019-03-04