§ 3-4. Studierett

(1) Den som har akseptert studieplass gjennom signert studiekontrakt, betalt studieavgift til skulen og betalt semesteravgift til studentsamskipnaden får studierett ved Bergen Arkitekthøgskole. Studieretten gir rett til undervisning, rettleiing, tilgang til bibliotek, verkstad og studieadministrative tenester.

(2) Studieretten tek slutt når:

  1. Studenten har fullført studiet eller
  2. BAS får melding om at studenten seier frå seg studieplassen eller
  3. studenten i løpet av eit år ikkje har dokumentert aktivitet gjennom betalt studieavgift eller søkt permisjon eller
  4. Studenten har brukt opp sine forsøk til eksamen jamfør § 4-3 i denne forskrifta eller
  5. Studenten ikkje betaler studieavgift eller
  6. når ein aktiv student ikkje har produsert studiepoeng i løpet av dei to siste åra. Styret fattar vedtak om tap av studierett. Vedtak kan jf. § 5-1 påklagast.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2019-03-04-179
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
7de85447bac21e7d8c84ee6430d633504bd292f02739c59c00d299f4a1887b6a
Rendererversjon
8
I kraft
2019-03-04