§ 11. Skriftlege dokument
Som skriftlege dokument reknast
- bøker
- nummererte og unummerete seriar av til dømes rapportar, skrift og særtrykk
- periodiske skriftstykke som til dømes tidsskrift, vekeblad, aviser, bedriftsaviser, medlemsblad og kyrkjelydsblad
- brosjyrar
- flygeblad og opprop
- rettleiingshefte, katalogar og faldarar som til dømes muséguidar, utstillingskatalogar og turisthandbøker
- lover, reglement, statuttar og vedtekter for bedrifter, lag, institusjonar og organisasjonar
- prislister og reklameprent
- program for til dømes idrettsarrangement, konsertar og teaterframsyningar og politiske parti
- rundskriv
- tabellar – t.d. lønstariffar
- årsmeldingar, kvartalsrapportar o.l. frå bedrifter, lag, institusjonar og organisasjonar
- bilet-, kart- og musikkprent, grafiske tabellar og planar, plakatar, postkort, prospekt og plansjar
- dokument i blindeskrift når informasjonen berre finst i denne skriftforma
- andre allment tilgjengelege skriftlege dokument som ikkje er nemnde i andre ledd.
Desse skriftlege dokumenta skal likevel ikkje avleverast
- blankettar, formular, skjema og liknande som skal fyllast ut
- etikettar, skrivepapir og konvoluttar med preg, visittkort, adressekort og liknande
- emballasjetrykk i varehandelen
- dokument i blindeskrift dersom den same informasjonen ligg føre i vanleg skrift
- dokument som i all hovudsak inneheld informasjon som er direkte utdrag frå andre allment tilgjengelege dokument
- spel, utklippsbilete og kalendrar utan annan tekst enn datoar
- innbydingar og menyar
- billettar, lodd og andre verdirepresentativ
- kunstverk som målarstykke, grafiske blad og liknande.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2018-07-01-1139
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 59f3844ee9c091fe5bd201baf231a98f3d627eafb514a7ef3f5e608ff7c72845
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2018-07-01