Dokument omfatta av pliktavleveringslova skal leverast til Nasjonalbiblioteket.
Nasjonalbiblioteket gjer vedtak i spørsmål om pliktavlevering etter forskrifta her.
Nasjonalbiblioteket skal gjennom informasjonstiltak, kontroll og purrerutinar syte for at avleveringsplikta vert etterlevd.
Avleveringa gjeld fysiske og digitale dokument som er
Fysiske og digitale dokument skal avleverast i den forma dei vert gjort allment tilgjengelege i, når ikkje noko anna er særskilt fastsett eller det går fram av samanhengen.
Avleveringseksemplar skal vere fullstendige og lytefrie og avleverast med omslag, futteral o.l. som følgjer det allment tilgjengelege dokumentet.
Nasjonalbiblioteket kan berre krevje dokumenta avlevert i ei form eller ein kvalitet som er naudsynt for å ivareta formåla med lova.
Nasjonalbiblioteket kan krevje at følgjeopplysningar og metadata som er naudsynte for å ivareta formålet med lova, blir sendt inn saman med avleveringspliktig eksemplar. Berre følgjeopplysningar og metadata som vert skapte i samband med produksjonen av dokumentet skal avleverast.
Avleveringseksemplar skal vere forsvarleg pakka ved innsendinga. Dersom eksemplara er skadde, og dette skuldast aktløyse frå den avleveringspliktige si side, skal avsendaren utan opphald sende inn nye eksemplar.
Digitale dokument skal sendast inn på ein fysisk berar eller overførast via nettverk.
Utgjevar og importør skal sende inn avleveringseksemplar når dokumentet vert gjort tilgjengeleg for allmenta, om ikkje noko anna er særskilt fastsett.
Den som har produsert eit dokument skal sende inn avleveringseksemplar seinast ein månad etter at dokumentet er produsert.
Nasjonalbiblioteket kan avtale med den avleveringspliktige andre tidspunkt for å sende inn dokumenta.
Eit dokument er ikkje omfatta av avleveringsplikta når det
Nasjonalbiblioteket kan lempe på eller heilt gjere unnatak frå avleveringsplikta.
Avleveringsplikta skal delast mellom den som har produsert dokumentet og utgjevaren.
Er eit dokument produsert i Noreg, skal den som har produsert det levere tre eksemplar og utgjevaren fire.
Utgjevaren skal levere alle avleveringseksemplara dersom
Produsenten skal levere alle avleveringseksemplara dersom utgjevaren er utanlandsk.
Importøren skal levere alle avleveringseksemplara dersom både produsenten og utgjevaren er utanlandske.
Nasjonalbiblioteket kan fastsetje ei anna fordeling eller leggje heile avleveringsplikta på ein av dei leveringspliktige.
Dokument som vert levert inn med inntil sju eksemplar, skal Nasjonalbiblioteket vidaresende til universitetsbiblioteka i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø og til Sametingets bibliotek i Karasjok.
Dei mottekne eksemplara skal vidaresendast etter prioriteringa her slik at
Nasjonalbiblioteket pliktar utan tidsavgrensing å ta vare på eitt eksemplar av alle dokument som tryggingseksemplar.
Nasjonalbiblioteket skal snarast råd registrere dei mottekne dokumenta. For dei tilfella der det vil vere særleg arbeidskrevjande eller upraktisk å registrere kvart dokument einskilt, kan Nasjonalbiblioteket avgjere at dokumenta skal ordnast i grupper etter emne og art.
Nasjonalbiblioteket har ansvaret for å katalogisere på nasjonalbibliografisk nivå og tilhøyrande katalogprodukt.
Inndrege dokument etter pliktavleveringslova § 7 skal oppbevarast av Nasjonalbiblioteket i eit særskilt låst magasin.
Som skriftlege dokument reknast
Desse skriftlege dokumenta skal likevel ikkje avleverast
Filmar som er utgjevne på ein fysisk berar, skal leverast i inntil sju fysiske eksemplar.
Dokument med levande bilete som er gjorde tilgjengelege via elektroniske kommunikasjonsnett og med kunstnariske, kommersielle eller allmennopplysande formål, skal leverast i eitt digitalt eksemplar.
Filmar som er offentleg framførte og ikkje berre tilgjengelege via elektroniske kommunikasjonsnett, skal leverast i minst eitt brukseksemplar og ein masterkopi. Alle versjonar av ein film skal avleverast.
Lydfestingar av musikk eller tale som er utgjevne på ein fysisk berar, skal leverast i inntil sju eksemplar.
Dersom lydopptak vert gjevne ut på fleire medium eller tekniske plattformer, t.d. grammofonplate, kassettband og kompaktplate skal det avleverast inntil sju eksemplar av kvart slag.
Lydfestingar som er tilgjengelege via elektroniske kommunikasjonsnett for kunstnarlege, kommersielle eller allmennopplysande formål, skal avleverast i eitt digitalt eksemplar.
Dersom dokument i ulike medium og tekniske plattformer utgjer ein heilskap, til dømes som læremiddelpakker, skal utgjevaren avlevere sju komplette eksemplar av det kombinerte dokumentet. Kombinerte dokument som berre er digitale, skal avleverast i eitt digitalt eksemplar. Dersom utgjevaren er utanlandsk, skal importøren avlevere eksemplara.
Norsk rikskringkasting AS og andre kringkastarar og tenestetilbydarar etter kringkastingslova § 1-1 bokstav f skal avlevere alle lyd- og biletprogram som er kringkasta eller gjort tilgjengelege i ei audiovisuell tingingsteneste, jf. kringkastingslova § 1-1 bokstav a og d.
Dokumenta skal avleverast Nasjonalbiblioteket i eitt digitalt eksemplar seinast sju yrkedagar etter at innhaldet vart publisert første gongen.
Dataspel skal avleverast i inntil sju eksemplar når dei er utgjevne på ein fysisk berar, men i eitt eksemplar dersom det berre er gjort tilgjengeleg via elektroniske kommunikasjonsnett.
Avslag frå Nasjonalbiblioteket på ein søknad om å klausulere eller slette eit dokument etter lov 9. juni 1989 nr. 32 om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument § 4b, kan klagast inn til Nettarkivnemnda.
Nemnda skal ha tre medlemmer med personlege varamedlemmer. Kulturdepartementet oppnemner medlemmene. Leiaren skal vere jurist.
Nettarkivnemnda kan avgjere at eit dokument skal klausulerast eller slettast i samsvar med pliktavleveringslova § 4b.
Kulturdepartementet har ikkje instruksjons- eller omgjeringsrett overfor Nettarkivnemnda i enkeltsaker.
Medlemmene skal oppnemnast for ein periode på inntil fire år og kan gjenoppnemnast ein gong. Nettarkivnemnda skal ha eit saksførebuande sekretariat.
Nettarkivnemnda kan berre treffe vedtak når nemnda er fulltalig. Nemnda skal avgjere klagene med alminneleg fleirtal.
Forskrifta gjeld frå 1. juli 2018. Frå same tidspunkt vert forskrift 25. mai 1990 nr. 427 om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument oppheva.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.