Avslag frå Nasjonalbiblioteket på ein søknad om å klausulere eller slette eit dokument etter lov 9. juni 1989 nr. 32 om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument § 4b, kan klagast inn til Nettarkivnemnda.
Nemnda skal ha tre medlemmer med personlege varamedlemmer. Kulturdepartementet oppnemner medlemmene. Leiaren skal vere jurist.
Nettarkivnemnda kan avgjere at eit dokument skal klausulerast eller slettast i samsvar med pliktavleveringslova § 4b.
Kulturdepartementet har ikkje instruksjons- eller omgjeringsrett overfor Nettarkivnemnda i enkeltsaker.
Medlemmene skal oppnemnast for ein periode på inntil fire år og kan gjenoppnemnast ein gong. Nettarkivnemnda skal ha eit saksførebuande sekretariat.
Nettarkivnemnda kan berre treffe vedtak når nemnda er fulltalig. Nemnda skal avgjere klagene med alminneleg fleirtal.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.